Personvern
Personvern
Personvern hjå Per A Øren
- Føremål med handsaming av personopplysningar
I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, epost, telefonnr, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.
- Utlevering av personopplysningar
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.
- Kunderegister
- Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som namn, adresse, telefon, evt selskapsnamn og informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, i tillegg til opplysningar om kva tenester og produkt kunden har kjøpt. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt system, sjå kapittel om sletting
- Innsyn, retting og sletting av personopplysningar
Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Per A Øren på e-post: post@pao.no Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.
- Ansvarleg datahandsamar
Dagleg leiar i Per A Øren er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.
Har du spørsmål, ta kontakt på post@pao.no eller 57 71 45 00
Personvern på nettstaden pao.no
- Eigar: Google Analytics
- Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.
- Eigar: Youtube
- Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.
- Eigar: Facebook
- Det er mogleg å dele artiklar på nettsida til Facebook. Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med facebook.